I motsetnad til dei fleste andre europeiske land blir dei norske dialektane brukt innan dei fleste domene i samfunnet, og auka mobilitet har ført til auka dialektendring, framveksten av nye -lektar og normer for språkbruk. Dette blir også løfta fram i internasjonale perspektiv på det norske språksamfunnet. Trudgill (2001, s. 31) legg vekt på at ein i Noreg har høg “ societal tolerance for linguistic diversity”, og dette mangfaldet er beskytta blant anna gjennom opplæringslova (2023, § 2-5). Medan læreplanen legg til grunn eit ressurssyn på fleirspråklegheit (Kunnskapsdepartementet, 2020), viser nyare forsking likevel at toleransen for språkleg variasjon ikkje inkluderer alle former for variasjon, og både tradisjonelle og nyare minoriserte språk, multietnolektar og aksentprega uttale blir i mindre grad aksepterte som ein fullgod versjon av det norske språket (Røyneland & Jensen, 2020). Med andre ord kan språkideologiar påverke både sosiale og kulturelle verdiar som blir tillagt språk eller former for språkleg variasjon, som igjen kan føre til ulik vurdering og forskjellsbehandling på tvers av individ (Iversen & Tavares, 2024, s. 58), basert på kva språkleg repertoar eleven har med seg inn i opplæringa og korleis dette språklege repertoaret blir vurdert av læraren. I denne artikkelen vil vi utforske potensialet den fleirspråklege skjønnlitteraturen har for undervisning i og om språklege tema i norskfaget, spesielt knytt til haldningar og ideologiar rundt fleirspråklege praksisar. Her tar vi utgangspunkt Amina Sewalis barneroman Hør’a dagbok! Dagen Nansi gjøret dagbokskriving HEFTIG igjen! frå 2020, og utforskar korleis karakterane i boka bygger opp om språkhaldningar og -ideologiar i ein norsk kontekst. Anansiwa, hovudpersonen i boka, er ei 12 år gammal jente frå Uganda som har fått i oppdrag frå norsklæraren å skrive dagbok, for «at kanskje min norsken kan bli littebittegrann bedre […]» (Sewali, 2020, s. 3). Eitt av hovudtemaa i boka er å bli anerkjent og ikkje diskriminert på grunnlag av språk, hudfarge og (familie)bakgrunn (Goga, 2024). I denne artikkelen utforskar vi kva for konsekvensar språkbruken, der bruk av multietnolekt og vekslingar mellom språk, har for språkhaldningar og -ideologiar hovudpersonen blir møtt med gjennom boka. I analysane fokuserer vi på hovudpersonen, Anansiwa. Gjennom dagboka får vi innsyn i korleis språket hennar blir gjenstand for vurdering i ulike situasjonar, men også korleis ho reagerer, og ikkje minst agerer på desse vurderingane. I artikkelen drøftar vi også om epistemiske urett, eit omgrep som viser til korleis fordommar basert på t.d. språk kan føre til at ein ikkje blir anerkjend for kunnskapen ein bringar med seg (Fricker, 2007), kan vere eit nyttig perspektiv inn i språkundervisninga med lærarstudentar.